HANDVERKSSKOLEN I TRESKJERING
Skolen tilbyr vk 1
treskjering – årskurs for skoleåret 2006/2007 med inntil 15 elevplassar.
Handverksskolen - Senter for bygdekultur tilbyr
utdanning i Treskjering vk1 kurs.
Dette er ein kreativ og utfordrande studieretning for litt modne eller
erfarne elevar. For møbelsnikkarar vil det vere ei fin spesialisering, men
også ei vidareutdanning for formingslærarar eller folk i skapande yrke.
Treskjering er ein viktig del av kulturarven vår som vi
må føre vidare!
Handverksskolen er etablert som ein friskole. Ein friskole
følger dei godkjende læreplanane for faget, men kan organisere undervisninga
litt friare enn ein vanleg vidaregåande skole. Vi ønsker å ”skreddersy”
opplæringa etter behova til kvar enkelt elev og ut ifrå deira realkompetanse.
Ein friskole får dekt 85 % av driftsutgiftene frå
staten, derfor må elevane betale kr 1000 pr. mnd. i eigenandel. Skolen er
godkjent for Lån og Stipend i Statens Lånekasse, slik som andre vidaregåande
skolar.
Vi kan også tilby deler av eit årskurs/enkelte modular
til interesserte (f eks 1 mnd med akantus eller ein annan stilart)
SØKNADSFRIST: 1. APRIL (men først til mølla…..)
Søknadsskjema: (klikk her)
Senter for bygdekultur tilbyr
også Handverkskurs innanfor trearbeid
(treskjering, dreiing, maling/lasering med meir). Kursa er på ei veke, og
eigner seg både for nybyrjarar og litt meir erfarne. Det kan vere verdt å
prøve eit vekeskurs, viss ein går og tenker på å ta ei utdanning innanfor
treskjering /snikring.
Info og søknadsskjema om kurs (klikk her)
- (PDF-fil)
(for å lese denne filen treng du
Adobe Reader)
For nærare informasjon om treskjererutdanning skoleåret
2006/2007 og info om kurs i 2006, ta kontakt.
For information in English (click here)
◄Til Skolestaden vår
Sist oppdatert: 01.01.2006
2002-2006
© Nord-Gudbrandsdal
vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad