26.10.2002
VK2 allmennfag reiser på ekskursjon
til Paris
"Den 11.11. ca. kl.
1600 landar det eit SAS- fly med 21 3.klassingar, 2 foreldre og 2 lærarar
frå Dovre og Lesja, i Paris. I løpet av dei neste 5 dagane skal vi opp i
Eiffel-tårnet, ta lokaltog til Versailles for mellom anna å ete matpakka
vår i Marie Antoinettes lysthus. Vi skal sjå Mona Lisa, observere Foucaults
pendel og klatre opp trappene til Sacré Cœur.
For dei som har sett den oscarnominerte
filmen ”Den fabelaktige Amelie fra Montmartre”; vi skal sitte i skinnsofaen
på Café Tabac des 2 Moulins, bestille oss ein café au lait og
kikke på livet".
Dette høyrest ut som starten på ein rein
ferietur, men det er 3. klasse allmennfag ved Hjerleid vgs som skal på
ekskursjon til Paris. Ein slik utanlandsekskursjon for 3AF har skolen kvart
år, og det ligg eit interessant og lærerikt program framfor elevane.
Vi kjem tilbake med
meir stoff frå denne
ekskursjonen når elevane er komne tilbake frå turen.
◄Til
arkivet
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal
vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad