03.03.2005
Animasjonskurs på Hjerleid
24 bilete i sekundet
Tekst og foto: Kristin Undset
For å lage eit sekund med animasjonsfilm
må du teikne 24 teikningar, til to sekund 48 teikningar osb.

Mediekunnskapelevane har hatt tre dagar
med animasjon. Kurshaldar var Anita Killi og kurset gjekk føre seg på
Hjerleid. På desse tre dagane fekk dei prøve å animere sjølve og dei fekk
sjå mykje animasjonsfilm. Alle fekk ein sirkel til å bli ein heilt annan
figur på 24 teikningar.Etter å ha gjort ferdig sirkelen, fekk dei prøve seg
på andre teknikkar.
Kinderegg-figurar er fine å animere, men
korleis får du ein kinderegg-åme til å forsvinne inn i øyret til Anne
Marthe? Jo, du kopierer delar av figuren i plastelina og tek bilete for
bilete. Slik kjem han ut att frå det andre øyret og.

Stine og Brit Oline boltra seg med
godteri og frukt. Ei pære kan fort bli eit eple, som kan bli ein tomat, som
kan bli ein raud non-stop. Du blir sjølvsagt ”lurt”, men noko av målet med
animasjonskurset var å avsløre alle knepa.
Tre dagar med intensivt arbeid
resulterte i ca. 5 min. animasjonsfilm. Det ferdige produktet håpar vi å
vise for heile skolen seinare i vår.
◄Til
arkivet
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal
vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad