08.11.2004

HMS-prosjekt på dei yrkesfaglege studieretningane
(du kan klikke på alle bildene for å gjere dei større)

Gjennom 2 veker har elevane på dei yrkesfaglege studieretningane på Hjerleid arbeidd med eit HMS-prosjekt. Helse, miljø og sikkerheit er viktige faktorar i dagens arbeidsliv, og elevane gjekk inn i prosjektet med liv og lyst (nokre litt meir enn andre...).

Prosjektarbeidet var lagt opp både med teoretiske og praktiske oppgåver. Grunnkurs byggfag var t.d. ein runde i Lesja og Dovre for å sjå nærare på bruken av stillas på ulike arbeidsplassar. Ikkje alt dei såg vart godkjend av kritiske elevar.

Ei brannøving var eit sjølvsagt emne for dette prosjektet, og etter ein gjennomgang i klasserommet vart korridorane i trearbeidsbygget røyklagt av Roy Hansen og medhjelparar.

 

Nokre elevar tok seg ut ved hjelp av branntrappa, medan andre forserte dei røyklagte korridorane. Heldigvis var det ikkje tjukk, giftig røyk som ved ein brann, men at det ikkje var god sikt kan du sjå på bildet til høgre. Det viser verneleiar Torbjørn Bjørgemoen i korridoren - etter at det var lufta ei god stund!

 


 

 

Brannøvinga vart avslutta med ein bilbrann, der elevane etter tur fekk prøve seg på å slokke brannen. Det var skikkeleg fyr i bilen, og det var ikkje heilt lett å slokke - brannen tok seg opp att viss ein ikkje var påpasseleg nok.


 
Ein av elevane i full gang med slokking av bilbrannen.

Heile prosjektet vart avslutta med ein presentasjon av det dei ulike gruppene hadde arbeidd med. Nokre hadde datapresentasjonar, medan andre hadde laga veggaviser. Nokre av  resultata viser vi nedanfor:

 

 

 

 Til arkivet

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad