21.12.2005

Julemiddag på Jetta Kro for pensjonistar og tilsette

 

 

Tysdag 20. desember var pensjonistar og tilsette ved avdeling Hjerleid samla til ein avsluttande julemiddag på Jetta Kro. Det blir ved slike tilstelningar godt høve til å mimre med gamle kolleger, og slik var det også denne gongen. Til høgre ser du nokre få av dei som var til stades.


Rektor og nestleiar ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule var til stades, og markerte  at skulen har fått Opplærings- prisen - mellom anna for sitt arbeid som regional utviklingsaktør, ved å utarbeide læreplan for valfaget "Friluftsliv i nasjonalparkene", for satsing på reiseliv som studieretningsfag og for å styrke den digitale kompetansen hos lærarane.

Skolen har også utarbeidd ein eigen læringsplakat "Norddalsplakaten". Denne plakaten har eleven Ragnhild Hoft, 1. klasse
allmennfag frå avdeling Lom, gitt ei fin kunstnerisk innramming. Det var ein synleg stolt rektor som viste fram plakaten.
 

 

For kort tid sidan gjennomførde  alle yrkes-fagelevane ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule eit felles prosjekt om HMS-arbeid (Helse, Miljø og Sikkerheit). Ein av pådrivarane i dette arbeidet, Ove Kirkestuen frå Hjerleid, fekk ein velfortent plante av rektor som takk for innsatsen.

Ove fortel at det er mogleg det kjem ein DVD-film eller noko slikt som dokumentasjon på det elevane har arbeidd med.

Avdelingsleiar Solveig Rindhølen og mellomleiar Harald Egil Smette fekk også velfortente blomster frå dei tilsette som takk for året som gjekk.

Som avslutning på ei vellukka og triveleg samling med god mat og milde gåver frå leiinga i høve Opplæringsprisen, fekk rektor Ole-Petter Hansen sjølv ei gåve frå Hjerleid. Rektor har tatt det store steget over til ei sers eksklusiv gruppe ved skolen, dei som har levd 2 gonger det som før i tida var ein mannsalder...


 

Til arkivet 
 

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad