21.12.2005

Juleavslutning med førjulsmoro
(Du kan klikke på alle bildene for å gjere de større)

Siste dagen før jul starta tradisjonelt på Hjerleid med at kontaklærarane hadde time saman med elevane i den første økta. Deretter samlast alle i kantina, der Ole Skaufel ønskte velkommen til eit variert og godt program.

Nokre av elevane hadde førebudd programinnslag, og dei første til å opptre var 2AF. Dei hadde eit musikk- og sanginnslag, dirigert av John Ola Selsjord. Etter dette innslaget gjekk alle inn i daglegstua, for å gå rundt juletreet og synge julesangar. Inge Høie måtte spele åleine på gitar, då trekkspelaren var sjuk.
 


Vel møtt v/Ole Skaufel

 


2af med sang og spel

 


Gang rundt juletreet


Inge Høie i aksjon

Tilbake i kantina igjen vart det spørrekonkurranse, der dei som sat rundt borda vart ei gruppe. Medan julegrauten vart servert og ete, vart svara granska og poeng-berekna. (Det er ikkje så mykje vi får sjå og høyre om kjøkkenpersonalet her - det er jo slik at dess mindre ein legg merke til dei som legg alt til rette for oss, dess betre har dei utførd oppgåva si.)

3. og 1. klasse allmennfag fekk ansvaret for underhaldninga etter matpausen. Eit lite gløtt frå 3. klassen sitt innslag ser du nedanfor - dei fekk elevar frå andre klassar til å melde seg frivillig. Det same gjorde 1. klasse - nedanfor heilt til høgre ser vi ei blanding av elevar frå fleire klassar som står klar til innsats.
 


Konkurranse


Grauten er servert


3.-klasse sitt innslag


1.-klasse med eventyr

1.-klasse allmennfag fortalde ei historie, mest som eit slag eventyr, der "skode-spelarane" ikkje visst noko på førehand. På dei tre første bildene nedanfor ser du nokre scener frå denne framføringa.
 


Eventyrinnslag 1


Eventyrinnslag 2


Eventyrinnslag 3


Solveig og Magnus

Premiering for konkurransen frå før julegrauten var neste post på programmet. Det var utruleg mange gode svar og hard kamp om dei fremste plassane. 5-6 bord låg på 2. plass, og det måtte ein ekstra ferdigheitskonkurranse til for å finne fram til det bordet som fekk premien. Eit einaste bord var åleine om 1. premien, og ovanfor heilt til høgre har ein av elevane fått premien frå SolveiG.



Før elevar og tilsette sang den siste songen, kom heile 2 julenissar og delte ut gavepose til alle. Så ønskte Solveig God Jul, og då var det berre oppryddinga som stod att. Men den er òg ferdig no!

 

 

GOD  JUL  og  GODT  NYTT  ÅR!
 

Til arkivet

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad