14.09.2005 

Hjerleidelev best i kule i KM for vidaregåande skolar


Fredrik Amundgård er elev på GK allmennfag på Hjerleid. Ved sida av skolegangen er det tydeleg at Fredrik også får tid til andre ting. Han er eit stort talent i kastøvingar som kule, diskos, spyd og slegge.

I går, tysdag 13. august, blei det arrangert KM i friidrett for vidaregåande skolar på Stampesletta på Lillehammer.

Fredrik vann kulekonkurransen med 12,82 meter.
I spydkast vart han nr. 2 med 36,72 m.

For 2 veker sidan vart Fredrik også norsk ungdomsmeister i diskos og slegge, i tillegg fekk han bronsemedalje i kule. I spyd fekk han den gongen ein 14. plass.

Til arkivet
 

  2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad