05.05.2004
Hjerleid Norges beste skole

Foto: Inge Angård
Avgangselevane 2003 på allmennfag på Hjerleid har fått eit kjempegodt
resultat. Dette visste frå før. Vi er vant med gode resultat på Hjerleid og
visste at elevane våre som vanleg hadde gjort det godt. Resultata frå
eksamen 2003 er imidlertid no systematisert av Aftenposten og samanlikna med
dei andre skolane i heile landet. Oversikten syner at Hjerleidelevane kjem
ut blant dei aller beste i heile landet. Sjå berre her:
Norsk
hovudmål skriftleg: best i Norge med gjennomsnittkarakter 4,4
Norsk sidemål skriftleg: delt 3. plass med snittkarakter 4,2
Norsk muntleg: delt 4. plass med snittkarakter 4,7
Religion og etikk muntleg: delt 6. plass med snittkarakter 4,4
Kroppsøving (standpunkt): delt 7. plass med snittkarakter 4,7
Også i
andre fag har elevane gjort det sers godt, men desse faga har vi ikkje samla
landsoversikt over.
Bildet
ovanfor er tatt då nokre av lærarane feirer med kaffe og konfekt.
Konfekten var ei helsing og gratulasjon frå rektor Ole-Petter Hansen.
Hjerleid
har ein heilt spesiell måte å organisere undervisninga på, slik at vi får
eit sers breitt tilbod av undervisningsfag, samtidig med at vi har kreative
og dyktige lærarar. Når vi i tillegg er så heldige å ha interesserte og
flinke elevar, som veit å gjere seg nytte av kompetansen til lærarane, og
føyer til at dei andre tilsette også gjer sitt beste for at elevane skal
trivast så godt som mogleg - ja
då blir resultatet godt.
Vi gler
oss over dei fantastiske resultata elevane våre har fått, og sender ei
helsing og gratulasjon til kvar og ein av dei!
◄Til
arkivet
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal
vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad