13.10.2006

PC i undervisninga

Denne veka fekk alle Vg1-elevane på Hjerleid ta i bruk det nye verktøyet sitt for første gong. Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er med i eit forsøk med obligatorisk bruk av PC i undervisninga.

Med Kunnskapsløftet som grunngjeving har Nord-Gudbrandsdal søkt om å få ta del i eit forsøk med berbare PC-ar til alle Vg1-elevane. PC skal brukast som hjelpemiddel i alle fag, og gir ein rask tilgang til Internett når det trengst. Samstundes har elevane pedagogisk programvare på sjølve PC-en.

Ein føresetnad for å innføre obligatorisk PC-bruk var at det på sikt ikkje skulle bli dyrare enn tidlegare for elevane. Dette meiner vi å ha oppnådd ved å redusere på kjøp av ein del bøker, samt dyre kalkulatorar.

Elevane er ivrige og spente på dette nye i klasserommet, og det kan nok tenkast at det blir litt ulovleg surfing og speling på nettet i byrjinga. Dette går seg nok til over tid. Det er heller ikkje meininga at PC skal brukast heile tida, berre når det er fornuftig i forhold til det ein driv på med. Som arkiv for prøver, skriftlege arbeid og notater vil PC-en gjer god nytte for seg.


Eit gløtt inn i klasserommet til Vg1 Studiespesialisering

Du kan lese meir om dette forsøket her på den nye Internettsida til Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule.
 

Ikkje første gong Hjerleid er med i dataforsøk.

Hjerleid har heile tida vore langt framme når det gjeld bruk av PC i undervisninga. Datarom har heile tida stått til disposisjon for elevane, PC har vore i bruk ved eksamenar i fleire år. PC-undervisning starta Hjerleid med allereie i 1979. Fleire av lærarane som dreiv forsøket på midten av 1980-talet er framleis aktive ved Hjerleid. Du kan lese faksmile frå Dagningen her.  (For å opne denne filen, treng du Adobe Reader)

Til arkivet

 

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad