|
23.11.2002
"Paris vaut bien une messe"
"Paris er vel en messe verd!" - Dette sitatet er blitt tillagt den
protestantiske Henrik av Navarra (1553 - 1610) då han gjekk over til
katolisismen. At
Paris kan vere verd både det eine og det andre kan nok
3.-klassingane frå allmennfag ved Hjerleid også skrive under på. Dei er nettopp
komne tilbake frå eit vellukka opphald i Paris. Ekskursjonsleiarar var
klassestyraren, Kristin Undseth, og avdelingsleiar Harald Egil Smette. Med
seg hadde dei også to foreldre: Ellen Tordhol og Astrid Einbu.
Reisa til og frå Paris gjekk med fly, men transporten mellom
Gardermoen og Lesja/ Dovre vart ordna på privat vis. I tillegg stilte
Arne Granlund seg til disposisjon som sjåfør på Peugeot-bussen til Hjerleid.
Her er nokre bilete frå opphaldet i verdsmetropolen:
Lunsj framfor Versailles Avslapping i trapp - Versailles Alle i trappa til l'Opéra
|

Trappa opp til Sacré- Cur |

Ulf framfor Eiffeltårnet |

I speilsalen i Versailles
|
Du kan klikke på alle bileta for å få dei større.
(Som vanleg er dato og tidspunkt litt i utakt med det
verkelege på bileta våre...)
Elevane hadde eit breitt pedagogisk opplegg dei skulle gjennom. Dette førde
mellom anna til besøk i Vitskapsbyen, Invalidedomen, Notre Dame,
Eiffeltårnet, Sacré-Cur; Versailles, Montmartre etc...
Dette blir berre ei stutt oppremsing - det vil føre alt for langt å gå
nærare inn på dei ulike opplegga her.
Som del av det pedagogiske opplegget var nokre på fotoutstilling og
motevising. Ein del greidde også å få tid til å gå på ein fotballkamp medan
dei var i Paris (er det ikkje dette som kallast prioritering?).
Sjå førehandsomtale av reisa
her!
◄Til
arkivet
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling
Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad
|