|
29.11.2004
3AF på tur til Paris
Paris 12.- 17. november 2004
Klassekontakt Kristin Undset gir oss her ei lita
oppsummering av noko av det elevane opplevde på ekskursjonen til Paris:
|
Ein croissant med syltetøy og café au lait er frukosten
for ein franskmann. Dette var og frukosten til vk 2 af på Hjerleid i fem
dagar. Og vi klarte oss fint med det!
Vi hadde fem fine novemberdagar i Paris. På desse
dagane rakk vi å sjå det som er mogleg å oppleve i Paris på fem dagar. Vi
var i Eiffel-tårnet saman med ca. tusen andre franskmenn og turistar. Nokon
av oss tok heisen opp, andre sprang trappane både opp og ned. Dei fleste av
oss fekk sjå Napoleon sin utstoppa hund, alle gjekk gjennom utstillinga som
tok for seg Frankrike gjennom 2. verdskrigen. Mona Lisa hang der ho har
hengt dei siste 80 åra, ho blir ikkje større med åra. Venus frå Milo var
framleis utan armar. |
Sacré-Coeur lengst bak

Utsikt over Paris |
Hotellet vårt låg på Montmartre (Martyrhøgda), og vi
blei nokre kløpparar til å bruke metroen. Alle fann fram dit dei skulle
anten det var å finne ein nettkafé eller Latinerkvartalet for å ete middag.
Der åt vi tre rettars middag for 10 euro (82 kr.).
|
Den nest siste dagen i Paris var vi på motesyning,
kleda var flotte, men det var prisene og. Alle var innom verdas største?
sportsforretning. Der var det nok ein del av elevane som la att nokre euro.
|
 |
Paris er ein verdsmetropol, men ein bør kanskje vere
klar over som Syrstad prøvde å forklare før vi drog; i Norge har utestadene
utkastarar, men i Paris har dei ”innkastarar”. Nokre av elevane fekk oppleve
dette då dei skulle sjå korleis det såg ut ved Moulin Rouge. For dei som
ikkje er kjent i Paris, så er dette eit litt tvilsamt strøk.
|

Pause i trappa utanfor Versailles |

Kven står ved sida av Ina? |

På veg til nye opplevingar? |
Dette var ein flott gjeng å ha med seg til utlandet! Eg
har aldri sove så mykje på utanlandstur før!
Kristin
◄Til
arkivet
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal
vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad |