08.12.2004
UB Fuktig med Crème Døla Krem
Kremen over alle kremer,
Crème de la crème, har ved eit lokalt ordspel blitt til Crème Døla Krem. Den
nystarta ungdomsbedrifta frå allmennfag på Hjerleid har nytta kjemitimane
sine godt, og lanserer no ein hudkrem av høgste kvalitet. Medlemene av UB
Fuktig, som bedrifta heiter, fortel med entusiasme at kremen er av
eksepsjonelt god kvalitet.
UB Fuktig består av elevane Marit Svanborg, Martha Vorkinn, Petter Hoksvold
og Håvard Nørstebø. Kjemilærar Lars Tressum er katalysatoren til bedrifta,
og som ØKI-lærar har han vel ein del gode råd å gi når det gjeld sjølve
forretningsdrifta også.
I motsetnad til rynke- og
fuktigheitskremer frå nokre av dei etablerte verdskonserna, blir Crème Døla
Krem lansert som det naturproduktet det er - utan luriumfantastiske
eventyrnamn på dei ulike ingrediansene. Berre naturlege råvarer blir nytta
til framstillinga.
Fleire av lærarane har
vore prøvekaninar på produktet i innkjøringsfasen, og rapportane seier at
fuktigheitskremen er sers god. Tørre kritfingrar blir som nye etter ein
omgang med kremen.
Kremen skal no ut på
marknaden, og Nytt frå Hjerleid kjem tilbake med oppdateringar
om elevbedrifta så snart det er noko å melde.
Dersom du har lyst til å
kjøpe produktet, er det berre å ta kontakt med medlemmene i bedrifta. Dei
produserer på spreng, etter kvart som ordrane kjem inn.
◄Til
arkivet
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal
vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad