|
14.06.2004
Hjerleidutstillinga 2004 - reportasje
(Du kan klikke på alle bildene
for å gjere dei større)
Hjerleidutstillinga 2004 var som føregåande år
kopla saman med ulike andre arrangement til ei handverkshelg. Fleire
frivillige lag og organisasjonar hadde gått saman om eit omfattande og
interessant program.
Av det som fann stad på Hjerleid sitt
område, kan vi nemne skateboardshow på laurdag, der dyktige barn og unge
frå Dovre fekk vise sine kunstar før dei heil- og halvprofesjonelle
utøvarane tok til med sin del av programmet. Det var Dovre ungdomsforum som
stod for denne delen av programmet. Ordførar Erland Løkken opna showet, men
ikkje på brett!
|

Ordførar Erland Løkken opnar showet |

Det var stort oppmøte av ung og ikkje fullt så unge som
ville sjå og praktisere kunstar på skateboard. |

Ein av dei profesjonelle deltakarane hoppar her over 7
frivillige. Han greide enda fleire i eit seinare hopp.
|
Rappekonsert med gruppa
"Oggobor" var det både før og etter brettoppvisninga, og gruppa fekk god
kontakt med eit entusiastisk publikum som treivst godt i den ikkje altfor
varme, men likevel solfylte laurdagsettermiddagen.
|

Rapparane fekk god kontakt med publikum, og hadde mange
gode lokale tekstar og poeng. |

Tre av gruppa i aksjon ute på plena framfor daglegstua på
Hjerleid
|

Eit utsnitt av dei entusiastiske tilhøyrarane.
|
Søndag 13.06.2004
Hjerleidutstillinga 2004 vart opna av stortingsrepresentant Olemic
Thommesen, og han kunne fortelle at Senter for bygdekultur no hadde fått lov
til å sette i gang med friskolen sin i treskjering - til stor applaus frå
dei frammøtte! Denne avklaringa har alle venta på i lang tid.
Mange aktivitetar venta dei frammøtte på
Hjerleid, i tillegg til det som vart arrangert i Bygningshistorisk park.
T.d. arrangerte Senter for bygdekultur treskjerarkurs for skolebarn, eit
populært tiltak med mange deltakarar og ventetid.
Alle avdelingane på Hjerleid - mekaniske fag, allmennfag og trearbeid -
hadde tilbod, i tillegg til at Husflidlaget hadde utstilling i lokala sine.
Salgsutstilling var det også i gymsalen.
|

|
Likevel var det nok elevutstillinga i trearbeidsavdelinga dei fleste kom
for å sjå, og som vanleg var det eit godt utval av framifrå elevarbeid
som var stilt ut. Til venstre eit par døme. |
Regionalt meisterskap
i møbelsnikring
Heilt spesielt i år var
det at eit regionalt meisterskap i møbelsnikring var lagt til Hjerleid.
Vinnaren her går vidare til eit Noregsmeisterskap, og vinnaren der går
vidare til eit OL i møbelsnikring som i 2005 blir arrangert i Finland.
Det var 5 deltakarar som starta fredag kveld
og heldt på til klokka 13.00 søndag, med premieutdeling om ettermiddagen.
Oppgåva til deltakarane gjekk ut på å lage eit lite møbel etter oppgitt
teikning. Deltakarane skulle mellom anna vise at dei kunne lese ei teikning,
nytte ulike handverksteknikkar og verktøy og samtidig arbeide under
tidspress.
|

Simen Tovmo i arbeid |

Utdeling av 1.premiane |

Deltakarar og dommarar samla |
Resultatet synte at
Hjerleideleven Simen Tovmo delte førsteplassen med Gaute Saglien frå Bekken
Snekkerversted på Otta. Gaute har vore elev ved Hjerleid i tre år, medan
Simen er ein av våre "Tverrfag-elevar". Det vil seie at han har tatt
allmennfageksamen ved Hjerleid, samtidig med at han tok grunnkurs trearbeid
og no tar VK1 møbelsnikring! Simen og Gaute går vidare til NM seinare i
haust.
Hjerleideleven Vidar Amundstad delte tredjeplassen med Andreas Serigstad frå
Ålesund. Femteplassen gjekk til Torbjørn Byrberg frå Trondheim.
Dette resultatet seier ikkje så reint lite om
utdanninga ved Hjerleid. For det første at så mange av noverande og
tidlegare elevar er kvalifisert til å delta, og ikkje minst at dei gjer det
så godt i ein slik konkurranse!
Vi gratulerer!
◄Til
arkivet
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling
Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad |