29.08.2002

"Bli kjent"-tur for 1. klasse allmennfag 27. og 28. august 2002

Hjerleid har i mange år hatt som tradisjon å arrangere ein "bli kjent"-tur for elevane i 1. klasse allmennfag. Klassestyrar Lars Tressum og naturfaglærar Ola Tovmo hadde lagt til rette for eit overnattingsopplegg på Nysætra i Dalsida.

Førebuingane starta alt i klasserommet. Svelesteiking er viktig. Sjølvsagt er det godt som mat, men det er eit viktig sosialt aspekt ved det òg. Det kan vi sjå av desse bildene.

 
Første time på skolen

 
Oppskrifta må følgjast

 
Røra blir laga

 
Konsentrasjon

 
Prøvesmaking

Lavo hadde dei lånt av Lesjaspeidarane, elles hadde dei vanleg turutrustning med seg. I tillegg til biologi og naturfagsyslar, dreiv klassen med saker som fjellkatring, kilkasting, bading, bålkos og grilling.

 

 

 

 

Dagen og kvelden går fort når ein driv med morosame og interessante saker. I alle fall kjem ein tett inn på kvarandre, og blir kjent - akkurat det som er målet med desse turane.
Eg veit ikkje om bildet i midten nedanfor berre er ei helsing til fotografen, eller om det er førebuing til eit fysikkeksperiment: å gå på glødande kol?

 

 

 

Neste morgon vakna klassen til enda ein strålande fin haustdag, og etter mat og diverse rydding gjekk turen til fots ned til Lesja sentrum. Derifrå rett heim med skolebussen.

"Og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur..."

JHS

Til arkivet

  2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad