|
20.10.2005
Fjellklatring og brevandring i Lom!!!
(Du kan klikke
på alle bildene for å gjere dei større)
Tekst: Bente Hareland
Foto: Ola Tovmo
Fredag 14. oktober reiste to
biler med ti forventningsfulle elevar og to lærarar med bagasje til Lom
fjellmuseum. Der vart vi møtte av Rektor, Ole-Petter Hansen, som
introduserte vårt nye valfag, Friluftsliv i nasjonalparkriket. Valfaget
inneheld 3 turar ut i friluft, for å bli kjende med nasjonalparkane våre,
Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell. Etter innleiinga frå rektor, fekk vi eit
foredrag frå fjellmuseet der vi lærde om nasjonalparkane og kvifor vi har
dei. Dette er for å bevare det vakre og spesielle landskapet vi har i desse
områda.
Etter
foredraget, som vart litt tørt og litt i lengste laget, sette vi oss i
bilane våre og reiste til Tronoberget i Lom. Der skulle vi prøve oss på
fjellklatring. Vi hadde med oss klatreinstruktørar som passa på at alt gjekk
som det skulle. Dei hadde hengt opp taug i tre baner, som var i ulik
vanskelegsgrad. Dei fleste som prøvde kom seg lett opp den enklaste, eller
gjekk direkte til den mellomste. Her vart alt litt verre. Veggen hadde
gradering mellom 4 og 5 (10 er vanskelegast) og det var berre eit fåtal av
elevane som kom seg til topps. Av rundt 12 elevar som prøvde seg, kom fire
opp. Lærarane våre fekk også prøvd seg. Ola Tovmo klatra den lettaste veggen
som eit lyn, medan Tore Sannerud måtte ha to forsøk. Men Tore kom sterkare
tilbake etterpå, då han klatra rett til topps i den mellomste veggen.
|

Bente Hareland til høgre, saman med Rakel Hoksvold frå VK1 allmennfag
før dei set i gang med klatringa. |
 |
Etter
fleire timar med klatring, skulle vi sette opp teltleiren vår. Leiren bestod
av 7 telt, to lærartelt, ein lavo, eit stort telt og tre små telt. Vi henta
kvist frå skogen og tente bål som vi kunne varme oss ved. Været var
heldigvis bra, men litt vindfullt. Det fekk i alle fall nokre elevar frå
Klones oppleve, då lavoen plutseleg forsvann. Så var det tid for middag,
etterfølgd av gjømsle i mørket, før leggjetid. Og, som det som regel er på
telttur, er ikkje alle telta like søvnige ved leggjetid. Vi i
Hjerleid-teltet var ikkje søvnige, men kosa oss med spøkelseshistorier og
parafinfyring til langt på natt.
Dagen etter
vart vi vekt klokka 7. Vi åt frukost, pakka ned telt og forlèt leiren litt
over 8. Da gjekk turen opp mot Sognefjellet, og etter tre kvarter med
bilkjøring (soving), kom vi fram til Krossbu, der vi gjorde oss klare for
brevandring. Smørstadbreen ligg i Jotunheimen nasjonalpark, ca ein times
gange frå Krossbu. Vegen var lett å gå, og sikkert med hjelp av ein del
spenning, gjekk gåturen utruleg fort. Så fekk vi litt innføring i
brevandring, før vi starta vandringa oppover mot blåisen. På turen oppover
vandra vi over mange større og mindre sprekkar. Vi fekk forklart att snø som
overvintra, måtte ha 7 år før det vart bre-is. Isbrear bevegar seg ca 10-30
meter per år og på dei siste 30 åra har Smørstadbreen bevega seg 300 meter.
Blåisen på
breen var veldig fin no på grunn av regnver. Regnet gjorde isen klar og
skinnande. Nede i små, breie sprekkar kunne ein tydeleg sjå at isen var
heilt blå, som himmelen på ein sommardag. Vi vandra att og fram over
sprekkar, og nærma oss sakte, men sikkert toppen vi skulle på. Når vi nådde
den var det godt å setje seg ned, men det vart fort kaldt, sidan få av oss
hadde noko å sitje på.
På toppen
fekk vi fortald fleire brevandre-historier. Ei om ein svensk brevandrar som
hadde med seg ein stein som sikring. Det vil si att han trudde steinen som
han drog etter seg over breen, skulle halde han att dersom han skulle vore
så uheldig att han datt ned i ein sprekk. Den teorien ville nok ikkje virka.
Svensken hadde nok fått steinen i hovudet dersom han hadde falt. Ei anna
historie var om ein guide som guida folk over isen. Han viste fram ein svart
flekk på isen og spurde turistane kva dei trudde dette var. Det såg
eigentleg ut som ein person, men guiden kunne fortelje att dette var ein
stein. Dette gjentok seg heilt til ein turist med kikkert faktisk
konstaterte att steinen hadde klede på seg. Etter litt gransking fann dei ut
at det var to personar som hadde vorte borte i 1945. Ei kvinne som stod rett
opp og ned og strekte seg oppover etter mannen, og ein mann med beina i
været fann dei i sprekken. Familien til mannen var av høg rang og ville
halde dette hemmeleg. Finnarane lurte på kvifor og fekk det forklart med att
mannen og kvinna ikkje var gift, men utru. Det hadde dei konstatert ved å
sjå att mannen prøvde å få kvinna oppatt frå sprekken. Dette hadde han nok
ikkje gjort om det var kona hans, meinte dei. Den siste historia var om ei
gruppe frå Nederland som var på brevandring, desse hadde vandra omkring på
isen med hyssing som sikring, noko som truleg ikkje var så særleg sikkert.
Etter
historiene gjekk vi ned til kanten på breen att og fortsette ned til Krossbu
og bilane våre. Alle var einige om at denne turen var særs vellykka. Vi
hadde heilt topp vær, med sol heile dagen, og eit spennande og variert
innhald. Vi fekk sett store delar av Jotunheimen, for utsikten frå breen var
ubeskriveleg! Det utruleg vakre landskapet, iført haustfargar og solskinn,
det kan ikkje beskrivast, må opplevast!
Bente Hareland, 2a!
◄Til
arkivet
2002-2006
©
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad |
|