|
29.08.2002
Fjelltur for skolen, onsdag 28.08.2002
Skolen sin fjellturdag slo til med strålande sol og flott
haustvêr. Litt over klokka 9 om morgonen (alt for tidleg for nokre) drog
elevar og lærarar med buss til Fokstugu for å gå over fjellet tilbake til
skolen. Nokre firbeinte venner fekk òg lov til å vere med.
Medan bussane var på veg opp til Fokstugu sette
cateringavdelinga i gang med arbeidet sitt. Skolen baud på ein liten
smakebit med saft og eit par pølser med lompe til kvar, og grillar og mat
vart køyrd opp i Åteigen for å vere klar til dei svoltne turgåarane. Om lag
midtvegs kan det vere godt med ein matbit.
|

Anders og Erling frå 3A klar til å ta fatt på turen. |

Ein må finne seg i å krysse bekkar og elvar. Denne var
overkommeleg |

Det er godt med ein pust i bakken for dei firbeinte
følgesveinane òg. |

Undrar på om dei skal setje i gang, eller er
det samling før innspurt? |
Fleire eg har snakka med var godt nøgde
med turen, medan andre tykte det vart for mykje gåing på rad og rekke. Dei
meinte det hadde vore betre om ein hadde fleire stopp undervegs, slik at ein
kunne gjere noko sosialt saman.
Kanskje noko for skolen å tenke på til neste fjelltur?
JHS
◄Til
arkivet
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling
Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad
|