22.10.2002

ClassFronter for foreldre

Klassestyrar Lars Tressum i GK allmennfag prøver noko nytt. Hjerleid har for lenge sidan tatt i bruk ClassFronter som hjelpemiddel for elevane. Denne Internettreiskapen gjer at ein kan gje oppgåver, levere oppgåver, få svar på spørsmåla sine frå læraren, "prate" med medelevane sine via programmet osb. Kort sagt kan ein gjere mykje skolearbeid utan å vere fysisk til stades på skolen.

I høve eit foreldremøte for ei tid tilbake hadde Tressum fått med seg skolen sin administrator av programmet, Bård Ove Øyen, og gjort klar pålogging for foreldra i klassen. Mange var nok litt tvilande då dei gjekk inn på datarommet for å få ei innføring i kva dei skulle gjere. Men som så ofte når ein skal gjere noko nytt - teknologien var ikkje på skolen si side den kvelden. ClassFronter sin Internett-server var det uråd å nå fram til.

Etter mykje strev og mange forsøk måtte vi berre gi opp, men foreldra fekk ei lita innføring i korleis alt skulle gjerast, og nærast ordre om å få borna sine til å hjelpe seg med pålogging heimefrå.

Siste melding frå Tressum går ut på at ikkje alle, men trass alt nokre av foreldra har logga seg på for å sjå korleis dei kan bruke ClassFronter. All informasjon som elevane får, kjem Tressum òg til å leggje ut til foreldra. På det viset kan dei betre følgje med i det som skjer i klassen. Tressum håpar at mange foreldre vil bruke Internett for å ta kontakt, anten med han eller dei andre lærarane.

Les meir om ClassFronter eit stykke ned på denne sida.

JHS

Til arkivet

 2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad