28.01.2003

Heimesida er operativ og i drift att
 

Måndag 27.01.2003, om morgonen, vart heimesida til Hjerleid uråd å nå fram til. Ein maskinvarefeil hos Telenor slo ut ein internettserver, og på den låg sjølvsagt heimesida vår - saman med mange andre.

Telenor gjer det klart at det ikkje er SQL Slammer-ormen som har slått til, sjølv om den har herja stort den siste tida. Det er heller ikkje snakk om noko DDOS-åtak, men ein rein maskinvarefeil, der både server og speilserver havarerte omlag samstundes.

JHS

Til arkivet

 2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad