27.04.2003
(sjå oppdatering 11.05.2003)
Hjerleid slåst vidare for
undervisningstilbodet sitt
Hjerleid vil gjere alt vi kan for at vedtaket i hovudutvalet for opplæring
og kompetanse (HOOK) ikkje allereie til hausten skal få dei store og
negative verknadene på undervisningstilbodet vårt som vi kan frykte.
Med sine vedtak den
24.03 har HOOK gitt Hjerleid ei kjempestor utfordring.
Dei viktigaste vedtaka ser slik ut:
- VK1 allmennfag blir ikkje sett i gang hausten 2003
- VK1 treskjering blir sett i gang dersom ein kan fullfinansiere
tilbodet ved gjesteelevoppgjer og ekstraløyving frå fylkesutvalet
- Hjerleid, Klones og Otta vidaregåande skolar blir slått saman til
ein skole frå 01.01.2004
- Nytt system for ressurstildeling for skolane frå 01.08.04 basert på
tilskott pr. elev differensiert pr. studieretning
Undervisningstilbodet for neste skoleår er gjort ferdig etter ønske frå
elevane. For å utnytte dei økonomiske ressursane best mogleg har vi på
Hjerleid også i år slått saman undervisninga i studiefaga for dei ulike årstrinna så mykje
som råd, og vi tar årskursa i omvend rekkefølge der dei ikkje bygger på
kvarandre. I tillegg underviser vi enkelte fag annakvart år for å spare
ressursar - likevel kan alle elevar som ønsker det få undervisning i faget!
Vedtaket om ikkje å sette i gang VK1 allmennfag kjem for seint til at vi kan
endre på dette, utan at det vil få store negative konsekvensar, også for dei
to allmennfagklassane vi har att skoleåret 2003/04.
Vi skal ikkje her polemisere for mykje mot
vedtaket i HOOK, men vi godtar ikkje at ein vil endre skolestrukturen i
Norddalen først (dvs redusere tilbodet ved Hjerleid), og så etterpå tildele
ressursar basert på tilskott pr. elev. Vi kunne tenke oss å prøve ut denne
metoden for ressurstildeling med det elevgrunnlaget vi har no - og ikkje med
det vi får frå hausten 2004!
For elevane får dei vedtekne endringane desse verknadene:
VK1-elevane på allmennfag til hausten må flytte til ein annan skole. Dette kan
føre til at elevar som blir flytt til ein annan skole ikkje får dei tilboda
dei var lovt på Hjerleid, eller må slutte med eit fag dei er i gang med.
VK2-elevane neste år fortset på Hjerleid til dei er ferdige, men må rekne
med at dei ikkje kan få alle dei fagkombinasjonane dei er blitt lovt, eller
er i gang med, dersom vi ikkje greier å auke ressurstilgangen.
Frå hausten 2004 har vi berre GK-elevar på allmennfagleg studieretning.
Treskjering VK1 kjem i gang til hausten 2003,
dersom tilbodet blir finansiert ved gjesteelevoppgjer og ei ekstraløyving
frå fylkesutvalet. Politikarane har sagt at dette går i orden, men vi får
vente og sjå til vedtaket ligg føre! Vi orkar ikkje fleire politiske
løftebrot i denne omgangen.
Frå hausten 2004 må det finnast andre finansieringskjelder for
treskjerartilbodet.
◄Til
arkivet
2002-2006
©
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad