18.01.2006

                                              Open kveld

             tysdag 31. januar 2006
 

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid opnar dørene for alle interesserte om kvelden den 31. januar.

Programmet for kvelden er to-delt:

1. Frå kl. 17:00 - 19:00 er det 10.-klassingane og våre eigne elevar som får ta del i ulike aktivitetar og kurs.  Frivillige lag i Lesja og Dovre gir tilbod som: gitarspeling, swingkurs, rockeverkstad, revy, gamaldans, fotografering, film, teikning og kalligrafi og handarbeidskafe. Det blir òg høve til å synge med Dovrefjell Disharmoniske

Program frå kl. 17:00-19:00 for 10.-klassingar finn du her som Word-dokument
og du finn det her som pdf-fil.
(for å lese pdf-filen treng du Adobe Reader)

Eit viktig mål med opplegget for elevane er at det skal vere både morosamt og sosialt.

Det blir ordna med skyss for 10.-klassingane til Hjerleid, slik at dei kan kome seg hit til kl. 17:00.

2. Frå kl. 19:00 - 21:30 er det aktivitetar og informasjon i regi av skolen. Denne delen av kvelden er det opent hus for alle interesserte! Aktivitetane er mange og sers omfattande på alle avdelingane ved skolen, og det vil vere urettferdig å nemne berre nokre av innslaga - det beste er å studere programmet og velge det ein har mest lyst til å gå på.

Programmet frå kl. 19:00-21:30 for alle interesserte finn du her (Word-dokument)
og du finn det her som pdf-fil.
(for å lese pdf-filen treng du Adobe Reader

Det blir servert kveldsmat i kantina og daglegstova kl. 20:00 - 21:30. I same tidsrommet blir det òg sal av kioskvarer.

Kart over Hjerleid: (som pdf-fil)
(for å lese pdf-filen treng du Adobe Reader

Kartet er ei enkel skisse frå den tida Hjerleid var eigen skole, men bygningane ligg framleis slik dei låg den gongen òg.
 

Hjerleid ønskjer alle vel møtt til ein innhaldsrik kveld!
 

Til arkivet
 

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad