24.10.2005

Internasjonal veke og OD-dagen - informasjon og motivasjonsdag
(Du kan klikke på miniatyrbildene for å gjere dei større)

Som inspirasjon og motivasjon til den årlege Operasjon Dagsverk-dagen hadde Hjerleid torsdag 20.10.05 besøk av to representantar frå den regionale OD-leiinga.
Det var Siri Bjaaland og Ingvild Andersgaard frå VK1 Drama på Tranberg. På bildet under ser vi dei to til venstre saman med nokre av Hjerleidelevane.

Miljøtimar med haustlunsj var utgangspunkt for denne samlinga, som inneheldt arbeid i grupper i klassromma, såvel som foredrag i daglegstua og lunsj i kantina.

 

 

 

Haustlunsjen vart som vanleg ein stor suksess, og elevane sette stor pris på så vel frukt og grønsaker som rundstykke og ost.
Etter felles lunsj i kantina vart elevane delt i to store grupper. OD-aksjonen i år tar  spesielt sikte på å samarbeide med lokale partnarar i Brasil for å kjempe mot den store menneskehandelen i landet. Spesielt råkar dette ungdom.

I den eine gruppa orienterte Ingvild og Siri om kva menneskehandel er, og greidde ut om årsakene - der fattigdom er ein stor medverkande årsak. Menneskehandel har vorte ein kjempestor "industri", med tilsynelatande lav risiko og enorm forteneste. Det har utvikla seg til ein moderne form for slaveri, der tvungen prostitusjon er eit hovudelement. Norge er òg eit mottakarland, markedet for prostitusjon er stort i vårt eige land.

 

 

 

 

Menneskehandel var òg tema for elevane i den andre gruppa. Dei såg først ein videofilm, før dei vart delt inn i mindre grupper på 4-5 der dei arbeidde med ulike problemstillingar og svara på spørsmål frå lærarane.

Heile opplegget vart kjørt to gonger, slik at alle elevane fekk same informasjon og aktivitetar.

OD-dagen på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule blir av praktiske omsyn lagt til fredag 28. oktober på alle dei fire avdelingane.

 

Til arkivet

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad