14.09.2002


Kroppsøving i Jorajuvet.

Gym er slettes ikkje berre dødball og Coopers test! Tysdag 10. september, ein fin og solfylt haustdag,  tok klassestyrar Lars Tressum og kroppsøvingslærar Bård Ove Øyen med seg 1. klasse allmennfag til Jorajuvet for å ha ei dobbeltøkt i kroppsøving, frå matfri og til ca klokka 15.00. Tema for dagen: rappellering ned veggen og  klatring oppatt.  Ein treng ikkje gå på idrettsfag for å få klatre. Klatringa på Bli-kjent-turen ga meirsmak, og heile gjengen ”heiv” seg utfor, meir eller mindre skjelvande. Likevel lykkelege over å ha vunne over frykta dei følte på kanten av stupet.

Under klatringa arbeidde elevane med forsering av overheng, med innlagt falltrening. Det var verre å klatre oppatt! Alle fekk prøvd seg, og nesten alle kom opp. (For den som ikkje er kjent i området; det går ein slags sti oppatt - mange vil karakterisere han som spesielt eigna for fjellgeiter). Noko venting vart det - høg sikkerheitsfaktor og lite klatreutstyr var skuld i dét, men gutar er gutar; kvifor ikkje kaste stein i elva? Steinane vart større og større, heilt til Lars trudde det var fotografen på andre sida av elva som datt uti…

Fotografen, Kristin Undseth, tykte det såg morosamt ut å klatre, og undrar på om kanskje fleire får lyst til å prøve seg i klatreveggen på Hjerleid? Veggen heng der og tauget og krokane er på plass. Er det nokon som tek utfordringa?! 

 

Til arkivet
 

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad