22.02.2005

Frå miljøtime til vinterferie
(Du kan klikke på alle bildene for å gjere dei større)

På Hjerleid har vi av og til det vi kallar miljøtimar. Målet med desse timane er at vi skal få eit lite avbrot i kvardagen. Samtidig skal det vere til glede og nytte for elevar og lærarar i fellesskap.

Denne siste fredagen før vinterferien vart siste økta brukt til å presentere nokre prosjekt elevane har arbeidd med.

Det var fire presentasjonar:

1. Byggfag med sitt HMS-prosjekt

Byggfagelevane fortalde om det kartleggingsarbeidet dei hadde gjort på arbeidsplassar i Lesja og Dovre. Dei hadde tatt for seg forskriftene til stillasoppsetting - ikkje alt var i orden... Vidare fortalde dei frå prosjektet i HMS (Helse - Miljø - Sikkerheit) som yrkesfagelevane hadde gjennomført. Til sist vart det vist ein videofilm frå praktisk øving i å slokke bilbrann.


 

 
2. 3. klasse AF med Paristur

Kristin styrer med bildeframsyninga, medan elevane sjølve kommenterer dei ulike situasjonane og det som hende på Paristuren.


3. Ungdomsbedrifta "Fuktig"

 
Ungdomsbedrifta med 3 av medlemene, saman med læraren Lars Tressum

Etter ein kort presentasjon av dei medlemene som var til stades, fekk vi vite at det kanskje blir eit lite overskot på drifta. Det vil kanskje gå til å støtte ei god sak.
Bildet til høgre er frå eit intenst stadium i framstillinga av Crème Døla Krem.

 

 
4. Bilfag med eit bilhistorisk oversyn.

Bilfag fekk æra av å avslutte presentasjonane, og vi fekk eit interessant innsyn i bilen si historie. Mellom anna fekk vi sjå ein Peugeot frå 1895 utan ratt. Kanskje kjem vi attende til bilar utan ratt i vår tid også, men no med joystick...

Elles fekk vi høyre at 4-hjulsdrivne bilar heller ikkje er noko nytt. Det var ein norskprodusert Mustadbil frå 1917 bevis på.

 


Etter desse presentasjonane var det berre for skoleleiinga å runde av med det dei fleste nok venta mest på: God vinterferie!

Til arkivet
 

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad