|
23.11.2003
Miljøtimar i regi av elevrådet 20. november 2003 Du kan klikke på alle bildene på denne sida
for å gjere dei større.
Fleire gonger i skoleåret har Hjerleid såkalla miljøtimar.
Dei tener til å auke trivselen ved skolen, og gjere elevar og lærarar betre
kjend med kvarandre. Dette var andre gongen i haust for miljøtimane, og det
var elevrådet som stod for både opplegg og arrangement.
Elevrådet har all ære for tiltaket. Eit sers godt planlagt og like godt
gjennomførd arrangement kunne ikkje bli anna enn ein suksess! Elevane
vart inndelt i grupper på tvers av studieretningar og klasser. Lærarane
stilte òg med to grupper. Det heile var
lagt opp med ei løype gjennom alle avdelingane på skolen, med innlagte
postar der gruppene fekk ulike oppgåver å løyse. Nokre av praktisk, andre av
teoretisk art.
Det var sett opp premie til beste lag.
|

|
<Til venstre frå starten i kantina, der elevrådsleiaren ga info om
opplegget, og delte inn i grupper.
Til høgre ser vi frå hjulskiftoppgåva på bilmek.>
|
 |
|
 |
Langstøvelkasting er ein ikkje heilt kjend idrett enno, men etter at alle
gruppene hadde prøvd seg på det, kan det nok hende dette blir ei ny
grein i det OL Lillehammer søker om å få arrangere i 2014...
I alle fall er det ikkje noko å utsette på innsatsen i dette kastet. |
|
Ei oppgåve gjekk ut på å få ei pære til å lyse, ved ei (innvikla?)
kopling til eit bilbatteri. Postvakt Ulf kunne konstatere at det var
godt det var dagslys... >
Lengst til høgre frå gymsalen, der ein skulle gå frå den eine enden av
eit taug til den andre - utan å sleppe det med hendene. Knute på tauget
gjorde det vanskelegare enn det kan sjå ut til. >> |

Ulf slår fast at det ikkje kom mykje lys frå dei
koplingane der. |

Å få ein elev gjennom ein taugknute krev at gruppa
samarbeider.
|
|
 |
På trearbeidsavdelinga skulle gruppene sette saman ein stol. Kvart
medlem av gruppa fekk bruke berre ei hand, og med kort tidsfrist. Her
konstaterer to av deltakarane at oppgåva var alt anna enn lett.
Mange av dei interessante og utfordrande oppgåvene
må vi berre la ligge, det vi har tatt med her er berre ein liten
smakebit.
Kven som vann konkurransen? Eg er ikkje sikker, men
trur det var lærarane. |
JHS
◄Til
arkivet
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal
vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad |
|