08.11.2004
Miljøtime, måndag 08.11.2004
(Du kan klikke på alle bildene for å
gjere dei større)
Som eit viktig trivselstiltak har vi på
Hjerleid, i tillegg til kulturelle innslag som teaterframsyningar, konsertar
og forfattarbesøk, også dei såkalla miljøtimane. Dette er timar som elevane
sjølv arrangerer, som regel med servering i kantina som avslutning.
I dag var det elevrådet som hadde
regien. Dei hadde lagt opp til ein konkurranse, der elevar og lærarar vart
delt inn i grupper, og sendt på ein rundtur til nesten alle bygningane på
skolen. Kvar studieretning hadde postar med spørsmål eller oppgåver frå
deira undervisning.
Dagen i dag var litt spesiell. Det var hyggeleg at både
rektor Ole-Petter Hansen og nestleiar Terje Bekken var med på gruppene. På
bildene ovanfor ser vi "rektorgruppa" i kantina før start. Det andre bildet
syner gruppa i bilmek-avdelinga.