Solveig hadde mest ikkje snakka
ferdig, så sto serveringspersonalet klar med sjokoladen og svelene (bildet
til venstre over). På
bildet til høgre ser vi ein forventningsfull elevflokk i samtale
med lærar Ove.
Etter maten gjekk vi inn i daglegstua,
og til den informative delen av programmet. Frå avdeling Otta kom
mellomleiar Ingrid Vorkinn saman med elevane Christina S. Holen og Andreas
Bagås Lien. Ingrid fortalde litt om Entreprenørskap i skolen. Satsing
på ungdomsbedrifter i skolen har førd til at avdeling Otta i år har 10
ungdomsbedrifter, som driv med alt frå vaktmeisterteneste i Vågå, via
barnevakt, lage rattkjelke, konsertarrangement og til å lage websider for
bedrifter. 7. mars tar elevbedriftene på Otta del i den såkalla Cambridgeeksamenen,
ein eksamen på engelsk for alle ungdomsbedrifter i Europa.

Etterpå fortalde elevane Christina og
Andreas om den ungdomsbedrifta dei kom som representantar frå: Candyshop
UB. Produktet deira er heimelaga godteri, t.d. drops og
karamellar. Skolekjøkkenet blir brukt ein time om måndagane til
produksjonslokale. Elevane har lært mykje om å sette opp budsjett, reknskap,
samarbeid med andre, samt praktisk salsarbeid og kundekontakt. Målet er eit
overskot på kr. 16.500,-. Sjølvsagt skal Candyshop UB delta på Innlandsmessa
på Hamar, torsdag den 9. mars, der dei håpar å gjere det godt.
Ein kraftig tankevekkar fekk vi servert
i form av filmopptak frå eit HMS-prosjekt (Helse, Miljø og
Sikkerheit) som dei yrkesfaglege elevane på heile Nord-Gudbrandsdal
vidaregåande skule hadde arbeidd med. Brann i bil og brannslokking,
kollisjonsbenk med opptil 15 km/t og Veltepetter var nokre av det elevane
skulle prøve seg på. Dersom det framleis finst elevar som køyrer for fort og
utan bilbelte etter å ha gått gjennom dette opplegget, kan dei ikkje ha
følgt godt nok med i timen.
Til sist var det medieelevane frå 1.
klasse allmenfag som viste eit par korte reklamesnuttar dei hadde laga.
God vinterferie!
◄Til
arkivet
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal
vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad