23.06.2004

Ny leiar på Hjerleid frå 01.08.2004

Som eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle skolestaden Hjerleid til eit senter for trearbeid, vart stilliinga som leiar ved Hjerleid lyst ut for ei tid sidan.

Solveig Rindhølen har  takka ja til stillinga som avdelingsleiar/prosjektleiar ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid. Ho får no drifts- og utviklingsansvar for skolestaden, og går inn som del av leiargruppa ved N-G vgs.

Solveig er 30 år, og arbeider i dag som prosjektmedarbeidar i Kompetanseprosjektet Innlandet Hedmark og Oppland (KIHO). For lærarane ved Hjerleid var det godt å høre at den nye leiaren har pedagogisk utdanning.

I dag er Solveig Rindhølen medlem av både fylkesutvalet og fylkestinget i Oppland, men då ho saman med rektor Ole-Petter Hansen  sist måndag var på besøk på Hjerleid for å treffe dei tilsette, sa ho at ho ville søke fritak frå det politiske vervet sitt som medlem av fylkesutval og fylkesting. Dette for ikkje å få ei samanblanding av roller, og for å kunne arbeide 100% i den nye leiarstillinga.

På det same møtet vart Jan Harald Syrstad takka for dei to åra han har arbeidd som rektorvikar og avdelingsleiar ved Hjerleid.

Til arkivet

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad