01.02.2006 

Open kveld på Hjerleid 31.01.2006

Etter undervisning først på dagen, og så eit velsmakande måltid mat på Jetta for dei fleste, var det klart for ein sosial og underhaldande, men likevel lærerik ettermiddag og kveld på Hjerleid. Frå klokka 17.00 og fram til kl. 19.00 hadde fleire lag og klubbar i Lesja og Dovre tatt på seg å gi 10.-klassingar og elevar på Hjerleid eit lite innsyn i aktivitetane sine.

Nedanfor kan du sjå litt av det som hende på Hjerleid i dette tidsrommet.

 


Dovre revylag syner korleis ein lagar revy.
 

 
Gitarundervisning med Ådne Evjen.

 
Dovrefjell fotoforum kursar i digitalfotografering.

 
Inger Synnøve Killi med kurs i teikning...

 
..og kalligrafi. Desse kursa var på biblioteket.

 


Dovre husflidslag hadde trivelege kurs -


i romma sine i kjellar-etasjen på Hjerleid.


Toftemosvingen hadde swingkurs.


Dovre folkedanslag og Lesjas På 2. rad med gammaldans


Dovrefjell Disharmoniske Selskap song saman med elevar.


Som ein glidande overgang mellom elevaktivitetane først på kvelden og det opne programmet for alle etter kl. 19.00, var det offisiell opning i gymsalen ved avdelingsleiar Solveig Rindhølen. Musikalsk innslag ved elevar var det også: ei blåsargruppe og rockebandet White Noise spelte.

Solveig Rindhølen nytta høvet til å takke alle lag og foreiningar som hadde hjelpt til med å arrangere denne kvelden, og ei spesiell takk til Ingebjørg Østerås, som var leiar for arrangementskomiteen og har hatt størsteparten av planleggingsarbeidet.

 


Nokre av dei fram-møtte ved opninga.


Blåsargruppa i aksjon


White Noise spelte så salen gynga.


Lungekapasiteten fekk ein målt her.


Eldbjørg viser kva for bibliotektenester ein kan tilby via Internett.

 


På kjemisalen laga dei m.a. hudkrem.


Sveising i mekanisk avdeling


Etablerarane i tre-skjering hadde også opne dører. Torgrim med moskus i handa


Byggfag viste m.a. flislegging på vegg.


Kjemikar Jo i full konsentrasjon

 

Det store trekkplasteret denne kvelden var nok bilslepp frå kran. Frå 8-10 meters høgde vart ein bil sleppt ned på asfalten. Farten til bilen svarer kanskje til ca 50 km i timen. Det er nok ikkje mange som hadde lyst til å sitte på i den kollisjonen. Som ein ser på bildet til venstre var ikkje bilen god å køyre med etterpå.


Dei bildene vi ser på denne sida presenterer berre nokre av dei aktivitetane og det faglege stoffet vi kunne ta del i denne kvelden. Det var ikkje like fullt overalt, men alle fekk besøk av folk som var interesserte i det dei dreiv på med. Serveringa i kantina såg òg ut til å vere ein fulltreffar - i alle fall var det fullt av folk der.

Som avslutning på dagen var det ein volleyballkamp mellom elevane og lærarane. Av omsyn til lærarane skal vi ikkje fortelle kven som gjekk av med sigeren...

Til arkivet

     

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad