|
12.09.2004
Personalsamling i Geiranger, 9. og 10.
september 2004
Som eit av tiltaka for å få tilsette frå
4 ulike skolestader til å kjenne seg som del av ein felles skole, hadde
skoleleiinga lagt opp til ei personalsamling på Union Hotel i Geiranger.
Turen starta med buss frå Hjerleid torsdag 9. kl 11.30. Etter kvart kom det
på tilsette frå Otta, Klones og Lom, og då vi køyrde frå Lom var dei
tilsette frå alle skolestadene spreidde i 3 bussar.
|

Union Hotel i Geiranger |

Dei fleste av dei som var med opp til Skageflå |

Skageflågarden |
Ein tur/arrangementskomité med medlemer frå alle skolestadene hadde lagt opp
eit variert program for turen, med matservering og diverse hjernetrim
undervegs.
Om kvelden var det aktivitetar på hotellet, både av fagleg og meir
sosial karakter. Alle tilsette var også med på å urframføre ein musikal -
spesiallaga for personalsamlinga. Meir tvilsamt er det om det blir fleire
framføringar.
Høgdepunktet på turen (både bokstavleg og i overførd forstand) var turen til
Skageflå - dette fråflytta gardsbruket som ligg oppe i fjellsida, 250 meter
over Geirangerfjorden.
|

Luftig og god utsikt frå husa |

Pust i bakken før nedturen |

Nokre Hjerleidtilsette. |
Første delen av turen gjekk med båt fram til der stien startar. Stien opp er
bratt og luftig, og har ein ikkje heilt mista pusten på vegen opp, kan
utsikten oppe frå berghylla der garden ligg gjere resten.
Etter turen til Skageflå var det enda ei
fagleg samling, før lunsj og heimreise.
◄Til
arkivet
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling
Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad
|