14.11.2004

Premieutdeling etter skolecup i fotball på Otta den 5. november



Frå venstre ser vi: Ayman Huneiti, Morten Hovelsrud, Lars Stavheim, mellomleiar Harald Egil Smette, gymlærar Bård Ove Øyen, Torgeir Noren og Knut Simen Lindsø.
(Ole Thøring, Stein Christian Hovelsrud, Anders Olsen Vold og Asgeir Bakken Rognstad var også med på laget, men ikkje til stades under premieutdelinga).

3. klasseelevane på Otta arrangerte 5. november ein skolecup i fotball. Hjerleid stilte med 2 lag; eit jente- og eit gutelag. Gutane kom til finalen, men måtte gi tapt for eit betre (men òg eldre) lag. Likevel er ikkje sølvmedalje å forakte.

For å vise at vi på Hjerleid set pris på innsatsen til elevane våre, delte mellomleiar Harald Egil Smette ut ein liten ekstragodbit til deltakarane på det laget som kom til finalen: pizza etter eige val...

Til arkivet

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad