14.04.2006

Skidag som forsmak på påskeferien
(Reportasje ved Anne Marte Nordlie Myren)

Torsdag 06. april hadde Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule skidag. Elevar og lærarar frå Lom, Klones, Otta og Hjerleid var samla til ulike aktivitetar på Dombås. Det var fleire turalternativ - nokre av deltakarane gjekk til Snøhetta, andre gjekk kortare turar i løypenettet på fjellet, medan dei fleste heldt seg i slalåmbakken.

         

Det vart ein fin dag, sjølv om dagen starta med litt kaldt og overskya vær. Litt seinare kikka sola fram, og været vart knallbra! Ikkje berre aktivitetar som køyring på ski og snowboard kunne ein ta del i, men også aking på presenning og hoppkonkurranse.

         

Soling ved varmebua og grilling oppe i bakken (riktig nok med mange svidde pølser) var òg populære innslag.

         

 

Til arkivet

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad