05.01.2004:

Skolesamanslåing

Den 1. januar 2004 var samanslåinga av dei tre vidaregåande skolane i Norddalen eit faktum. Tre skolar på fire skolestader blei slått saman til ein skole:

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

Dei tidlegare skolestadene held fram som avdelingar i den nye skolen, slik som: avdeling Lom
avdeling Klones
avdeling Otta
avdeling Hjerleid
 

Det komande halvåret vil korkje elevar eller lærarar merke så mykje til samanslåinga. Undervisninga og det daglege arbeidet vil gå som vanleg. Det er først til hausten at det kan bli endringar, men dette vil vi komme tilbake til etter kvart. Leiarteamet på den nye skolen har ikkje fått høve til å sjå på praktiske omleggingar enno. Dette arbeidet vil ta til innan ei vekes tid.

JHS

Til arkivet

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad