19.06.2005

Avslutning på skoleåret 2004/2005

Den 16. juni 2005 var siste dagen for elevane ved Hjerleid før sommarferien. Som vanleg var det på slutten av dagen tradisjonell grilling av pølser før avdelingsleiar Solveig Rindhølen ønskte alle ein god sommar.

Før det hadde Solveig saman med mellomleiar Harald Egil Smette delt ut blomar og ei lita gåve til elevar som på eit eller anna vis hadde utmerka seg i året som har gått. Nokre har deltatt i internasjonale idrettstevlingar - og gjort det sers godt, andre har drive ungdomsbedrift eller leia elevrådet på ein framifrå måte, eller deltatt i kultur-mønstringar med godt resultat.


Foran frå venstre: Marit Svanborg, Martha Vorkinn, Solfrid Rudningen, Ingebjørg Nørstebø og Hilde Katrine Engeli. Bak frå venstre: Anne Kirsti Noren, Dag Espen Endresplass, Asgeir Bakken Rognstad og Håvard Nørstebø.

 

Programmet tidlegare på dagen inneheldt mellom anna eit foredrag om tilhøva på Sri Lanka og det arbeidet som Strømme-stiftelsen driv der. Dovringen Marie Hundevadt Dahl, som sjølv er med på dette arbeidet og var der da tsunamien slo til, snakka om dette.

Nedanfor ser vi nokre av dei som sit og ventar på at pølsene skal bli ferdiggrilla, medan andre driv med ballspel ute på plena.


Marie Hundevadt Dahl ståande til høgre saman med Ove Kirkestuen

 

Pølsegrilling er tradisjon på Hjerleid ved kvar einaste avslutning, og ikkje noko unntak denne gongen heller. Når det er noko godt i vente, stiller elevane tålmodig i kø...

Hjerleid ønsker elevar, tilsette og alle andre ein riktig GOD SOMMAR!

Til arkivet
 

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad