18.06.2006

Endeleg sommarferie

Fredag 16. juni var siste skoledag før sommarferien, og etter at kontaktlærarane hadde brukt timane først på dagen saman med elevane, vart det endeleg mattid og tradisjonell grilling av pølser med brød eller lompe attåt.

 

Dei elevane som på eit eller anna vis hadde gjort seg fortent til omtale, anten på grunn av sportsleg innsats, medverknad i elevrådet eller sers gode karakterar, fekk eit Hjerleidkrus som takk for innsatsen.Til høgre ser vi dei som var til stades under avslutninga.

Eit lite skår i gleda for mange var det nok at karakterane ikkje kunne delast ut denne dagen. Tekniske problem i samband med importen av karakterar frå Fronter til Extens sette ein stoppar for det.

Medan vi venta på at pølsene vart grilla, var det avslappa og gemyttleg stemning både blant elevar og tilsette. Alle såg ut til å kose seg i det gode sommarveret.

   

Endeleg var maten klar og elevar er ikkje tunge å be når det er mat å få. Harald Egil, Solveig og Astrid hadde fullt opp å gjere med å sørge for at det var nok pølser og saft til dei svoltne.

                                                  

Til arkivet

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad