09.09.2003
Statsministeren besøker Hjerleid
Tysdag 9. september 2003 fekk Hjerleid vidaregåande skole
besøk av statsminister Kjell Magne Bondevik, saman med Gunnar Husan og Siv
Nordrum frå statsministerens kontor.
Det var lokalavdelingane av Kristelig Folkeparti i Dovre og
Lesja som skulle ha møte med statsministeren. Mellom anna skulle dei drøfte
situasjonen for Hjerleid. Etter som hovudtema var Hjerleid, var det naturleg
at skolen også tok på seg oppgåva med å arrangere møtet.
Rektor Jan Harald Syrstad , assisterande fylkesrådmann
Oddbjørn Snøfugl, Jon Sneve frå Jora Bygg og Laft AS, Dag Lindvig frå Norsk
Kulturarv og Steinar Moldal frå Senter for bygdekultur heldt
innleiingsforedrag om ulike sider ved utdanninga på Hjerleid. Særleg hadde
ein fokus på treskjerarutdanninga som no står i fare for å leggast ned, og
kva dette vil få å seie for arbeidet med å restaurere mange av dei
kulturskattane Noreg har. Ein peikte også på behovet for å opprette eit
nasjonalt trearbeidssenter ved skolen. Eit senter der ein på nytt kan få ei
restaurering og rehabiliteringsline. Mange trebyggverk blir i dag øydelagt,
ikkje berre av slitasje, men like mykje av at dei som skal sette dei i
stand, ikkje er kvalifiserte til å gjere arbeidet.
Statsministeren var vel nøgd med orienteringane, og uttrykte
klart at det var behov for å halde fram med treskjerarutdanning og å
opprette eit trearbeidssenter. Samtidig ga han ingen lovnader om at staten
kunne hjelpe til med finansieringa - men han sa heller ikkje det motsette!
Likevel peikte han på dei regionutviklingsmidlane som staten kanaliserer ut
til regionane gjennom fylka...
JHS
◄Til
arkivet
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal
vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad