Nedanfor kan vi sjå resutlatet av arbeidet til denne gruppa, og vi lar dei avslutte med sine eigne kommentarar:
Som den vakne lesaren vil sjå, er dette blitt ein god kopi av originalen frå side 3. Skåpet blei overflatebehandla på ei halv natt, og på den tida blei det 200 år eldre. Innsida er blitt eit dokkehus i dølastil, med stove og soverom, møblert med seng, kjøkkenskåp, verandamøbel, eit langbord med full oppdekking m.m. I stova står det faktisk eit lite framskåp. I ettertid ser vi at skåpet er for sart for SFO. Det bør ikkje kome i kontakt med mange barnehender. Skåpet egnar seg som modell på alle skular med møbelsnekkarline og på skular for kunst og handsverk. Kanskje aller mest på skulen vår, Hjerleid. Verdien ligg i å illustrere kva Hjerleid står for, både for elevar og besøkjande. Framskåp har sidan starten i 1903 vore flaggskip for Hjerleid. Det var knapt noko gjevare å lage enn framskåp. I dag kan modellen gje elevane noko å strekkje seg etter og visjonar for skuletida. Men det ligg ein dobbel ironi skjult i dette. 1. Etter reform 94 var det ikkje lenger rom for kombinasjonslina treskjering/møbel-snikring. Ein elev kan enno velje å gå begge linene etter kvarandre, men det blir eit kunststykke å få tida til å strekkje til, etter at reformen tok bort mange timar praksis. 2. Treskjerarlina er nedlagt. Oppland Fylkeskommune har sagt frå seg ansvaret frå og med hausten -04, dersom ikkje skulen kan finne anna finansiering, og dette har ikkje skjedd. Det blir då ironisk at skåpet skulle kunne nyttast på Hjerleid, anna enn i skulemuséet. På dette dystre grunnlaget er det lite nytte i framskåpet vårt. Men vent, eitt argument står att: Skåpet er ei PROGRAMERKLÆRING. Treskjerarlina på Hjerleid er den einaste i landet, og den skal REISAST ATT. Stiftinga Norsk Kulturarv AS har søkt Staten om å få opprette privatskule med 75% statsfinansiering. I lokala på Hjerleid og med treskjerarutdanning. Dei har planar om å opprette att kombinasjonslina og meir til. I dag ser ut til at dette er den einaste sjansen for treskjerarutdanning i Norge. Vi vil derfor oppmode alle som ønskjer levande, norsk handverk, m.a. arrangørane av denne konkurransen, til å leggje inn eit godt ord for planane til Norsk Kulturarv.
◄Til
arkivet
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid |
|
|