24.01.2003 (oppdatert 27.01)

Ungdomsskolebesøk frå Lesja og Dovre

10.-klassingane ved Lesja og Dovre ungdomsskolar var på besøk på Hjerleid måndag 20. januar, medan Lesjaskog ungdomsskole sine elevar diverre ikkje kunne komme før onsdag 22. januar.

Elevane vart mottekne i daglegstua på skolen, før dei vart sende ut på avdelingane. Til matpausa vart alle samla i kantina til lett traktering og ein prat. Deretter var det attende til det oppsette programmet.

Dei som hadde vald mekanisk avdeling som arbeidsstad denne dagen, dreiv på der heile tida. Her er nokre glimt frå aktivitetane (klikk på bildet for gjere det større):
 

Allmennfagavdelinga hadde lagt opp eit program med fleire postar, der elevane var innom  aktivitetar av både fagleg og litt mindre fagleg art. Saman med nokre av Hjerleids eigne franskelevar fekk gjestane litt grunnleggande fransk. Ein del av opplegget gjekk ut på å lære ein kort fransk song. Den blei tatt opp på band og levert til skolane på CD-ROM som eit minne, saman med bilder frå besøket.
 

 

I fransktimen var 10.-klassingane delt i to grupper. Her er gjestar og eigne elevar saman med "dirigenten" - fransklærar Jan Harald.

 

 

 

 Det er berre tøys at jenter ikkje er interessert i data. Desse bildene tyder på at interessen er der, berre gutane er borte, så dei slepp til...

 

Andre stader gjekk det ikkje fullt så fredeleg for seg. Kjemilærar Lars og fysikklærar Harald Egil gjorde sitt beste for anten å slå elevane i svime med slegge, eller spidde dei på spikerseng. (Sjølvsagt var det under full kontroll og for å vise naturlovane i praksis).
 

 

 

 

 

Til sist vart det heile runda av med ei kunnskapstevling og innlagte fysiske øvingar i gymsalen, for både gjestar, eigne elevar og lærarar (Helle og Torill på siste bildet).
 

 

 

 

 

 



Den 22. januar kunne vi ta imot elevane frå Lesjakskog. Dei kunne diverre ikkje få heilt det same programmet som dei elevane vi hadde 2 dagar tidlegare, men redde for å prøve noko nytt - det er dei ikkje!!


JHS

Til arkivet

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad