10.08.2003
Utearbeid i gang 3 år etter innflytting
Til skolestart hausten 2000 var mesteparten av
ombygginga ved Hjerleid ferdig, og AF-klassane flytta frå Dombås til Dovre.
Sjølv om bygningane var ferdige, har
uteareala heile tida vært til skam og irritasjon for alle. For å gjere det
så fint og koseleg for elevar og tilsette som vi ønskte, vart det utarbeidd
planar til over éin million kroner for å gjere ferdig uteareala. Med den
økonomiske situasjonen til fylket, og framtidsutsiktene for Hjerleid, var
det ikkje stort håp om å få dei pengane.
MEN, i sommar har det skjedd noko
positivt i alle fall. Ved å slå kraftig ned på krava til kva som må gjerast,
har vi no fått sett i stand områda på begge sider av inngangs-partiet. Det
er fylt opp med masse, lagt steinheller og forhåpentlegvis blir vi òg ferdig
med asfaltering til skolestart.
I staden for ein million, har vi gjort
arbeid for ca 200.000 kroner, men resultatet har likevel blitt veldig bra!
JHS
◄Til
arkivet
2002-2006
©
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad