11.05.2003

Store utfordringar for Hjerleid og regionen

Vedtaket om at Hjerleid får gi undervisning på alle 3 klassestega innan allmennfagleg studieretning skoleåret 2003/04, og at vi får sette i gang undervisninga i treskjering, er ikkje det same som at alle sorger no er sløkte. Tvert om: dette er starten på beinhard jobbing fram mot skoleåret 2004/05.

Fylket som skoleeigar, saman med regionrådet i Nord-Gudbrandsdal, har stilt krav til skolane i regionen om at vi skal samarbeide for å løyse dei pedagogiske og økonomiske utfordringane vi har framfor oss.

Til grunn for vedtaket ligg det faktum at innan år 2007, og med sterk verknad frå 2005, må kostnaden pr. elev i fylket i gjennomsnitt ned med 15-16000 kroner - i Norddalen enda meir, fordi vi i utgangspunktet har dei dyraste elevane. Fylket kunne ha tent inn mykje av desse kostnadene, ganske enkelt ved å legge ned undervisningstilbodet ved Hjerleid, men fylkestinget har tidlegare vedtatt at dei fire skolestadene i Norddalsregionen skal oppretthaldast!

Både Hjerleid, Otta, Klones (med skolestader i Vågå og Lom) og Vinstra slit med å få nok elevar til dei allmennfaglege klassane sine. Fylket  vel å sjå desse tilboda under eitt, og skolane får no krav på seg om å finne løysingar i samarbeid med kvarandre, ikkje i kamp mot kvarandre!
Skolane må i fellesskap gi undervisning til elevane i dei to regionane - i første omgang i eit par fag. Dette blir ei prøveordning for å få pedagogiske erfaringar, og for å sjå kor mykje ein eventuelt kan spare. Undervisninga blir delvis gitt av eigen lærar på skolen - delvis ved at skolane i fellesskap underviser gjennom det Internettbaserte ClassFronter.

Kva vi må arbeide med på Hjerleid:
- undervisning på alle 3 klassesteg AF i 2003/04, med reduserte ressursar
- alternative undervisningsformer må gi økonomisk innsparing, men samtidig ikkje gi
  dårlegare undervisning
- Hjerleid vil arbeide for at vår måte å organisere undervisninga på får positiv verknad for
  alle skolane
- fag må vere mest mogleg like på skolane i regionen
- fag som vanskeleggjer evt. overgang til annan skolestad neste år, blir ikkje sett i gang
- treskjering blir sett i gang skoleåret 2003/04
- for skoleåret 2004/05 må det finnast andre finansieringskjelder for treskjering
- frå 01.01.2004 blir Otta, Klones og Hjerleid vidaregåande skolar slått saman til ein skole,
  med felles rektor og hovudadministrasjon - "Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skole". (?)
  Dette arbeidet kjem i gang kort tid etter fylkestinget i juni.
- arbeidet fram mot eit nasjonalt kompetansesenter for tre ved Hjerleid held fram skoleåret
  2003/04 i samarbeid med fylket 

Dette er nokre av dei oppgåvene vi må gi oss i kast med. Dei er store, men vi har ikkje gitt opp på førehand.

Hjerleid har i mange år vist at vi er best på å gi
eit godt og allsidig undervisningstilbod,
og vi skal vise at vi greier også den utfordringa vi no står framfor!

Til arkivet

 2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad