|
09.04.2005
Venn1 - kurs i psykisk helse
Fleire rapportar dei siste åra syner at
psykiske problem blant skoleungdom aukar i omfang. Dette kjem fram i form av
m. a. skulking, sjølvskading og i verste fall sjølvmord.
Oppland fylke er eit av tre
satsingsfylker for Psykisk helse i skolen, og Hjerleid har no som ein av dei
første skolane gjennomført den obligatoriske delen av dette
undervisningsopplegget.
|

Kursleiar Bjørn, og Mahesh i bakgrunnen |
Venn1.no består av tre element:
- Basispakken
- Firkløver
- A til Å-pakke (prosjekt)
Basispakken er
grunnleggande, og alle elevar skal gjennom denne. Hjerleid hadde besøk
av prosessleiaren Bjørn Smith-Hald, Roy - eit tidlegare mobbeoffer, og
Mahesh Kumar frå India som var observatør under kurset.
Bjørn var
inspirerande og drivande flink til å få elevane med på dei ulike
gruppeoppgåvene, som det var mange av. Elevane deltok ivrig, og hadde
sers gode løysingar på problem-stillingane. |
Seier ein elev at han
skal ta livet sitt - ta kontakt med helsesøster eller ein lærar du stoler
på. Du har ikkje teieplikt i dette høvet, det er altfor mykje å bære på for
ein medelev.
|
Roy, som vi ser til høgre, var heilt
klar på at det ikkje er illojalt av ein venn å gå til
helsepersonell/lærar med slike opplysningar. Teieplikt gjeld ikkje her,
det viktigaste er å hjelpe vennen din, men du skal sjølvsagt ikkje
skvaldre til alle du snakkar med!
Roy fortalde om sin heilt normale
oppvekst i ein familie, og om kor han gledde seg til å begynne på
skolen. Men då han vart hakkekylling og mobbeoffer i fleire år, hjelpte
det heller ikkje å skifte skole, eller komme i vidaregåande skole.
Problema følgde med på lasset. Til sist var det så ille at han fleire
gonger prøvde å ta sitt eige liv. Heldigvis fekk han til sist hjelp, og
greide ved sterk innsats å legge ting bak seg og sjå framover. |
 |

Elevane vart raskt sette saman i grupper, først i
toer-grupper, seinare i firer-grupper. Der fekk dei fleire spørsmål å ta
stilling til, spørsmål som heile tida dreide seg om psykisk helse; t. d.:
- kva bør skolen/lærarane gjere for elevar som slit mentalt?
- kva gjer du/gjer du ikkje som venn, dersom ein annan slit (mobbing,
sjølvmord)? På desse
spørsmåla, og på fleire andre, hadde elevane sers gode og gjennomtenkte
svar. Dersom alle tar konsekvensen av dei svara dei gav på spørsmåla frå
Bjørn, er mobbing ikkje noko problem på Hjerleid.
Det er stor semje om at eit slikt kurs bør ein ha for nye
elevar ved kvar skolestart om hausten.
◄Til
arkivet
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal
vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad |
|