Silje (til høgre) er den unge dama
som denne gongen fortel om sin tragiske bakgrunn og dei mange
sjølvmordsforsøka.
Ho tar utgangspunkt i dei tre hovudpunkta denne dagen:
1. Kva er psykisk helse?
2. Kva gjer vi når ein ven slit psykisk?
3. Kvar og kven går eg til, dersom eg kjem i ein slik situasjon?
For å forebygge psykiske problem
kjem Silje med fleire gode råd. Mellom anna er det viktig med eit godt
nettverk, både familie og venner, ein må ikkje vere redd for å gi eller
ta imot omsorg, gode klemmar frå venner gjer godt, og ein skal ikkje
mobbe andre for at dei ikkje ønskjer å gjere det same som ein sjølv.