Skolestaden vår

Historikk | Klasseromma | Skolerute | Kantina | Reglement | Elevrådet |

 Fjernundervisning | Hyblar

 

Fjernundervisning

                                                            

Den største fordelen med fjernundervisning er at lærar og elev ikkje treng å vere i same klasserom. Med det rette utstyret blir avstand mindre vesentleg. Tar ein også i bruk til dømes ClassFronter, treng ein heller ikkje vere til stades til same tid!

Litt historikk:
Hausten 1998 kjøpte dei fire vidaregåande skolane i Norddalen - Vinstra, Otta, Lom og Hjerleid - videokonferanseutstyr, og eit forsøks- og utviklingsprosjekt innan fjernundervisning vart sett i gang. Prosjektet synte litt blanda resultat, men  vart vidareførd skoleåret etter.

Teknologien ein satsa på det første året synte seg ikkje å vere god nok, og vart bytt ut med noko betre til året etter.

Skoleåret 1999/2000 var Hjerleid i undervisningssamarbeid med Vinstra vidaregåande skole (bedriftsøkonomi) og Otta vidaregåande skole (tysk B-språk, studieretningsfaget). Lærarane hadde elevar  på eigen skole og på fjernundervisningsstaden samtidig.

Skoleåret 2000/2001 fekk ein elev på Hjerleid undervisning i bedriftsøkonomi frå Vinstra. Eit fag vi elles ikkje kunne ha fullførd ved  skolen vår.

Vaksenopplæring:
Videokonferanseutstyret har kvart år også blitt nytta i vaksenopplæringa på kveldstid. På dette viset kan ein spare seg lange og tidkrevjande reiser.
Eit par yrkesfaglege lærarar ved Hjerleid har òg gitt slik undervisning på kveldstid.

"Hjerleids dag" 16.02.2002:
Denne laurdagen hadde Hjerleid lagt opp til mange aktivitetar på alle avdelingane. Allmennfag hadde mellom anna eit seminar om naturparkane, der Miljøverndepartementet var invitert. Statsråden sjølv kunne ikkje vere med oss, men statssekretæren tok del i seminaret via videokonferanse.

Eksamen:
Våren 2002 hadde Hjerleid ei sers spesiell oppmelding til privatisteksamen: nordsamisk.

Med eksaminator og sensor sitjande på Nordreisa vidaregåande skole  i Troms, og eksaminanden her på Dovre, vart munnleg eksamen gjennomførd som videokonferanse - og med godt resultat!

ClassFronter:
Skoleåret 2001/2002 har Hjerleid, som dei andre skolane i Oppland, tatt i bruk ClassFronter. ClassFronter er eit Internettbasert hjelpemiddel, der skolen sjølv kan opprette "klasserom" og andre møtestader for elevar og lærarar. For andre òg, dersom det trengst.

I desse romma kan ein legge ut prøver, tekstar,oppgåver og mykje anna. Elevane kan levere oppgåvesvara sine her, diskutere med medelevar og med læraren - kort sagt: alt som ein gjer i eit vanleg klasserom. Einaste skilnaden er at her skjer alt skriftleg.

Skoleåret 2001/2002 nytta Hjerleid ClassFronter til å halde kontakt med elevar som hadde eit skoleår i utlandet. Dei fekk høve til å velje fag og på det viset førebu starten på eit nytt skoleår ved Hjerleid.

Også eit par elevar ved Klones vidaregåande skule hadde høve til å logge seg på  "medieklasserommet" ved Hjerleid og hente opplysningar om mediefaget nokre månader dette skoleåret. Dei gjekk seinare opp til privatisteksamen i faget.

Skoleåret 2002/2003 gjer Hjerleid dei første forsøka på å få kontakt med foreldre via ClassFronter og Internett. Eit forsøk det skal bli interessant å følgje framover.
Les meir om dette her.

Sist oppdatert: 02.04.2005

Tilbake 

 
  2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad