|
Kantina
Kantina på Hjerleid er av god, gammal
årgang. Likevel er ho triveleg, og ein viktig samlingsstad for både elevar
og tilsette. Her kan du kjøpe deg noko å ete eller drikke, du kan ta med deg
nistepakka di om du vil, eller du kan berre sitte og slappe av. Bakerst i
kantinelokalet er det nemleg eit par sofagrupper du kan bruke, dersom du
ikkje har tenkt å gjere anna enn å prate med medelevar.
|
Det er Liv Rundtom som er kantineansvarleg. På bildet er det ikkje så
mykje i kantinedisken, men det vil vere annleis når elevane er på plass.
Liv både baker og
steiker ulike matvarer som ho sel til elevar og tilsette. Har du glømt
matpakka di, kan du òg kjøpe deg føremiddagsmat (lunsj) for ein rimeleg
penge. |
 |
|
 |
Her får du eit lite
gløtt innover i kantina, med sofagruppene lengst bak. Til høgre er det
fleire plassar til dei som skal ete maten sin (desse plassane kom ikkje
med på bildet). |
◄Tilbake
Sist oppdatert: 02.04.2005
2002-2006 ©
Nord-Gudbrandsdal
vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad |