Kommunkart over Dovre

Slik kjem du til Hjerleid:

med bil sørfra: følg E6 til du kjem til Dovre (køyrer du gjennom ein liten tunnel på E6 har du køyrd
3-400 m for langt). Ta av til venstre mot Jøndalen og køyr over brua over Lågen. Då har du Hjerleid til høgre berre få meter etter brua
.

med bil nordfra: følg E6 til du kjem til Dovre. Ta av til høgre mot Jøndalen (like etter at du har køyrd gjennom ein liten tunnel på E6) og køyr over brua over Lågen. Då har du Hjerleid til høgre berre få meter etter brua.

med ekspressbussar: dei har rute forbi Dovre i begge retningar kvar dag.

med tog til Dombås: det enklaste blir då drosje ned til skolen (ev. buss dersom det høver med busstidene).
(Det er òg jernbanestasjon på Dovre, men lite truleg at tog stoppar der.)

Til Skolestaden vår

◄Til Senter for bygdekultur

Sist oppdatert: 15.09.2002 

2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
 webmaster:
Jan Harald Syrstad