Historikk
Det blir for mykje å skrive eit detaljert oversyn over
historia til Hjerleid. I staden nemner vi berre nokre viktige årstal og
hendingar.
Dei som er spesielt interesserte og vil vite fleire detaljar om Hjerleid si
historie, kan finne det i boka ”Hjerleids Husflidsskole 1886-1986”, skrive
av Minda Flatum.
I tillegg viser ein til boka ”Fylkesyrkessolen på
Dovre/Hjerleid vidaregåande skole – 50 år”, skrive av Sigurd Rykhus.
1886
Seinhaustes 1886 kom undervisninga ved
skolen i gang. Ved starten var det 2 undervisningsstader: Ulekleiv og
Kyrkjekrinsen.
I tillegg til snikring
skulle det òg undervisast i bødtker- og skomakararbeid.
”Skolens Formaal er at
virke for Undervisning i Haandfærdighet og vække Sands for Husflid blant
Ungdommen”, slik står det i §1 i Regler for Haandgjerningsskolen for Dovre,
frå 1886.
Den læraren som hadde
høgast lønn, fekk kr. 2,00 pr. dag!
1903
Treskjeraropplæring i tilknytning til
skolen blir sett i gang. Hans L. Lindsø Bergseng blir engasjert som lærar i
treskjering med løn frå Kunstindustrimuseet. Det var ei føresetnad at det
skulle sendast årsmelding til museet, og at det skulle haldast utstilling av
elevarbeida ved skolen om våren. Dette var starten på den årlege
”Hjerleidutstillinga”.
1918
Til no hadde skolen berre hatt lokale
elevar, og fleire tilhøve gjorde at situasjonen var vanskeleg for Hjerleid.
I 1917 døydde Randine Hjerleid, og ho hadde testamentert nye kr. 20.000 til
Dovre kommune, eit legat med namnet ”Haldor og Randine Hjerleids minde”.
Etter fleire omgangar med
forhandlingar lokalt og sentralt, fekk skolen melding om at det var løyvd
pengar både frå staten og fylket til drifta. Føresetnaden var mellom anna:
- utanbygds
elevar kunne gå på skolen
-
representantar frå staten, fylket og Dovre kommune skulle sitte i styret
- styrar og
lærartilsettingar skulle godkjennast av KUD
1937
Hjerleids Husflidsskule
blir det offisielle namnet på skolen frå no av. På folkemunne heitte skolen
allereie frå starten av Hjerleidske, og det blir snikkaravdelinga kalla den
dag i dag.
1948
Fylkesyrkesskolen på Dovre.
Etter kapitulasjonen i 1945 stod eit halvferdig Arbeidstenesteanlegg der
Hjerleid ligg i dag. Ønsket om å ta vare på dei verdiane som låg i dette
anlegget var det fleire som tok del i. Stortingsmann Lars Moen, seinare
statsråd i Kyrkje- og undervisningsdepartementet, var formann i
fylkesskolestyret. Alle formelle vedtak var i orden sommaren 1947.
Skoleåret 1948/49 var
skolen enno ikkje heilt ferdig, men frå 1949 vart det vedtatt varig
driftsordning for skolen, og offisiell åpningsfest fann stad 19. november
1949.
1955
Elevtilgangen etter krigen var no så liten
at undervisninga i Mosjordet vart mellombels lagt ned og flytt til Hjerleids
Minne. Undervisninga kom aldri tilbake til Ulekleiv og Mosjordet.
1959
Fylkesyrkesskulen og Hjerleids
Husflidsskule vart samordna med
felles styre og administrasjon frå hausten 1959. Kyrkej- og
undervisningsdepartementet og Oppland fylke fastsette retningslinene for
samordninga.
1972
Gymnasklassene på Dombås
blir oppretta som filialklasser under gymnaset på Vinstra. Frå 01.08.1977
blir desse klassene samordna med yrkesskolen på Dovre.
1977
Lov om vidaregåande opplæring vart vedtatt
i 1974, og la til grunn at alle yrkesskolar, husflidsskolar og gymnas skulle
heite vidaregåande skolar. Fylkesyrkesskulen, Hjerleids Husflidsskule og
Gymnasklassene på Dombås blir no slått saman til ein skole. Namnet blir
Hjerleid vidaregåande skole.
1985
Kyrkje- og undervisningsdepartementet tar
ut Hjerleid vidaregåande skole som forsøksskole for EDB i Oppland fylke.
Skolen har i fleire år
til no vore prega av at liner har gått tapt, medan nye har kome til. Ei
utvikling som etter dette berre har gått nedover. Skoleåret 1985/86 hadde
skolen 44 lærarar og ein elevkapasitet på 306.
2000
Skolen samla under eitt tak på Dovre.
Allmennfagavdelinga hadde frå hausten 1972 hatt tilhald på Dombås, i dei
same lokala som Dovre ungdomsskole. Hausten 2000 var arbeidet med ombygging
av skolen på Dovre ferdig, slik at også allmennfag kunne flyttast ned dit og
samlokaliserast med resten av skolen.
Hjerleid Bibliotek er ei spanande samlokalisering mellom Dovre
folkebibliotek og Hjerleid vidaregåande skole.
2004
1. januar 2004 var tida som sjølvstendig
skole med eigen rektor over.Nord-Gudbrandsdal
vidaregåande skule vart fødd, og
Hjerleid vart ei av dei 4 avdelingane til den nye skolen.
Frå og med hausten 2004
var det slutt på treskjerautdanninga ved Hjerleid. Fylket som skoleeigar
hadde fatta vedtak om at Hjerleid ikkje lenger skulle gi slik utdanning. Fylket har
medverka til at
undervisninga blir vidareførd av Handverksskolen, ein friskole oppretta av
Senter for bygdekultur.
Sist oppdatert: 01.01.2006
◄Tilbake
2002-2006 © Nord-Gudbrandsdal
vidaregåande skule, avdeling Hjerleid
webmaster:
Jan Harald Syrstad